Ein prisvinnande tragikomedie Stones in his pockets

Med få kostymeskift og rekvisittar, kun ved hjelp av kroppsspråk og stemme portretterer Anders Dale og Svein Harry Hauge alle de 18 ulike personene i stykket. Stykket hadde urpremiere som pubteater i 1998, og har sidan gått for fulle hus på tre forskjellige scenar i London. Stykket har mottatt ei rekke prisar som beste komedie og nykommar.

I Norge er stykket mest kjent med Kåre Conradi og Øystein Reger i rollane. Stones in his pockets går framleis for fulle hus både på Broadway i New York og i West End i London. Stykket vert spelt over heile verda, blant anna i Brasil, New Zealand, Sør-Afrika, Israel og Japan. «Stones in his pocket» skal ha premiere på Hordaland Teater i Logen 4. mai og vert spelt her til og med 13.mai.

Etter 17.mai vert det turne i Hordaland og Haugesund. Det kan og hende stykket vert spelt i Sogn og Fjordane i løpet av mai.

Om dei medverkande:
Anders Dale er frå Bergen og kom direkte fra Statens Teaterhøgskole til Rogaland Teater i 1994, der han debuterte som Joe i Tony Kushners Engler i Amerika. Han har spelt i ei lang rekke framsyningar ved Rogaland Teater der han framleis er fast tilsett skodespelar. I 2001 spelte Dale hovudrolla i Amadeus på Den Nationale Scene under Festspillene i Bergen. Anders Dale har vore i permisjon fra Rogaland Teater og har blant annet spelt i En handelsreisendes død på Den Nationale Scene i Bergen. Våren 2012 hadde han regi på Blackbird ved Den Nationale Scene i Bergen Hausten 2010 spelte han Ole Bull i Jeg bygger luftslott ved Hordaland Teater. Han er for tida aktuell i Orlando og i Et dukkehjem på Rogaland Teater.

Svein Harry Hauge Svein Harry er utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og har etter endt utdanning jobba ved blant anna Teater Ibsen, Oslo Nye Teater og Rogaland Teater. I tillegg til sitt virke som skodespelar har han også erfaring som regissør, dramatikar og kunstnerisk leiar. I 2010 vart han nominert til Heddaprisen for sin rolle i John Gabriel Borkmann,og mottok Bibelprisen i 2007 for rolla som Josef i framsyninga «Jesus, gutten min». Svein Harry starta si teaterkarriere i Tromsø, med frigruppa Cumulus i 1988. Hausten 2015 medvirka Svein Harry i musikalen I blanke messingen og våren 2016 spelte han i Jaktlaget av Jo Strømgren. Denne hausten speler han i Landstrykere – fritt etter Hamsuns August

Stones in his pockets
Av: Marie Jones.
Regi: Anders Dale
Scenografi: Svein Harry Hauge
Omsetjing: Øyvind Berg
I rollane: Anders Dale og Svein Harry Hauge Produsert av Hordaland Teater

Billettar til Stones in his pockets

  1. Lau 20. mai kl 19:00 350/150 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_