Seljefløyta

I samarbeid med Haugesenteret presenterer biblioteket poesikonserten Seljefløyta med dikt av Olav H. Hauge

Bodil Cappelen har gjort eit utval av tidlege dikt av Olav H. Hauge. Fleire av dikta har Hauge sjølv publisert i aviser og tidsskrift i 1930-åra. Utvalet er også frå den første samlinga Hauge sendte til Norlis forlag. Manuset hadde tittelen Seljefløyta og vart refusert i 1939. I vår gir Samlaget ut desse tidlege Hauge-dikta for første gong i bokform. Bodil Cappelen les dikt frå dette utvalet og held poesikonsert saman med felespelaren Knut Hamre og sopranen Ranveig Lægreid som vil synge frå sitt rikhaldige repertoar.

 

Billettar til Seljefløyta

  1. Tor 26. apr kl 19:00 205 kr   Bibliotek Les meir Utseld
Vis hele programmet
_
_
_