Migrasong

Framsyninga «Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er samansett på grunnlag av eit stort historisk materiale. Me fylgjer den 16-årige Olina og den 17-årige Ananias si reise til Amerika på slutten av 1800 talet. Ein vakker vårdag tok dei englandsbåten frå Bergen til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika.

Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingen ting og for mange var songen og musikken  det kjæraste dei hadde. Nordmenn slo seg ned i einsemda på prærien eller flokka seg i små lokalsamfunn. Dei hegna om språket og eigne levemåtar, dei slapp ikkje taket i sin eigen kultur. Dei heldt saman. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande oppstår det nye songar. 
 
MUSIKKEN Musikken i framsyninga er bygd på folketonar og songar som utvandrarane tok med seg frå heimlandet og dei nye songane som oppstod og vart skrive der dei kom. Tekstane var fulle av lengt og draumar om det livet som var levd og det som fanst i fantasien om deira nye tilværet. «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» skildrar eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag. «Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er vel ein times musikk- og forteljarprogram framført av songaren Reidun Horvei som også har skrive denne framsyninga. Gitaristen Øyvind Lyslo og organisten Per Inge Hove har laga arrangementa og akkompagnerer henne.  Den visuelle klangbotnen vert eit biletspel prosjektert som ein bakgrunn og vil fungera som ei fordjuping av utvandrarane sitt levevis og er integrert med scenebiletet og går i dialog med spelet på scenen. Bileta er tilrettelagt av Steffen Andrè Hagen, og Tore Nysæther har regien. Framsyninga er tinga av MuHo, Museumssenteret i Hordaland, og Hordaland fylkeskommune er glade for også å kunne syna fram denne «konserten» for mange kommunar i Hordaland.
 
 

_
_
_