Leif Ove Andsnes og orkesteret Fossegrimen

Leif Ove Andsnes som solist med Orkesteret Fossegrimen i Gamlekinoen på Voss laurdag 23. juni 2018

 

Det er ikkje ofte vi får oppleva at verdskjende musikarar kjem til oss for å spela. Men 23. juni 2018 skal pianisten Leif Ove Andsnes vera solist med Orkesteret Fossegrimen i Gamlekinoen på Voss og dagen etter i Kviknesalen på Kviknes Hotell i Balestrand. Desse konsertane er avslutninga på orkesteret sin 100 års jubileumssesong, På programmet står Wolfgang Amadeus Mozart sin kjende og populære pianokonsert nr. 21 i C-dur, den som i vår tid har fått navn etter Bo Widerberg sin romantisk-tragiske kjærleiksfilm „Elvira Madigan“ frå 1967 fordi andresatsen vart nytta som „gjennomgangstema“ i denne filmen. Ellers vil Fossegrimen framføra orkestermusikk av Edvard Grieg, Franz Schubert og Jean Sibelius.

 

Som ein av vår tids aller fremste pianistar har Leif Ove Andsnes med sine gjennomreflekterte tolkningar og imponerande teknikk gjort stor lukke både nasjonalt og internasjonalt. Han held solokonsertar og er solist med dei fremste orkester verda over. Såleis vil han hausten 2017 og våren 2018 vera solist m. a. med Oslo og Bergen Filharmoniske Orkester, Bayerische Rundfunk Orchester i München, New York og London Philharmonic Orchestras, og han gir solokonsertar i Trondheim, London, Wien, Amsterdam, Leipzig, Milano, Lucerne, Berlin og München.

 

Som aktiv kammermusikar er Andsnes grunnleggjar av og kunstnarisk leiar for Rosendal Kammermusikkfestival som han starta i 2016 og som er blitt ein stor suksess, både kunstnarisk og publikumsmessig. Tidligare har han vore kunstnarisk leiar for Risør Kammermusikkfest.

 

Etter den enorme suksessen han har hatt med innspelingane av Beethoven sine fem pianokonsertar - hans «Beethoven Journey» - for Sony Classical, er Andsnes i 2017 attende i studio for to nye innspelingar: eit Stravinsky-album for to klaver saman med Marc-André Hamelin for Hyperion, og ei solo innspeling av Sibelius-klaverstykke for Sony Classical. Diskografien hans innheld meir enn 30 plater for EMI Classics - både solo, kammermusikk og konsertopptak, mange av dei bestseljarar - med eit repertoar som spenner frå barokken og fram til i dag. Ellers er Andsnes godt kjent etter mange TV-program.

 

Andsnes er Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden og æresdoktor ved Juilliard School of Music i New York og ved Universitetet i Bergen.

 

Leif Ove Andsnes vart fødd på Karmøy i 1970 og studerte ved Bergen Musikkonservatorium under den kjende tsjekkiske

 

 

 

professoren Jirí Hlinka. Han har også fått uvurderlege råd frå den belgiske pianolæraren Jacques de Tiège, som saman med Hlinka i stor grad har påverka hans stil og filosofi som utøvar. Andsnes er kunstnarisk rådgivar ved Jiri Hlinka Piano Academy i Bergen, og der gir han også ein årleg masterclass.

 

 

Orkesteret Fossegrimen vart skipa i 1917 av lektor Erik Eggen ved Voss off. Landsgymnas og har vore i mest sammenhengande drift sidan. Det har i dag status som regionalt symfoniorkester for indre kommuner i Hordaland med Voss som vertskommune, og det har 35-40 musikarar i „alle aldrar“, både profesjonelle og dugande amatørar. Fast dirigent og kunstnarisk leiar er fiolinisten Dagfinn Rohde, til dagleg musikar i Bergen Filharmoniske Orkester. Fossegrimen har prøver kvar veke i Voss kulturhus og gjennomfører vanlegvis fire ulike konsertprosjekt i løpet av sesongen med framføringar fleire stader i

regionen. Orkesteret får fast årleg driftsstøtte frå Voss kommune og Hordaland fylkeskommune.

 

Billettar (unummererte) til konserten i Gamlekinoen på Voss kan ein få i Voss kulturhus eller på nettsida

www.vosskulturhus.no

 

Pris:     vaksne: kr. 425,-                     born/ungdom under 16 år: kr. 225,-

Billettar til Leif Ove Andsnes og orkesteret Fossegrimen

  1. Lau 23. jun kl 18:00 425/225 kr   Gamle Kinoen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_