Glimesteinar frå Johannes Gjerdåker

Boka Glimesteinar vert presentert i Voss bibliotek gjennom ein samtale mellom JOHANNES GJERDÅKER, NILS KVAMSDAL og BERGSVEINN BIRGISSON. Dessutan vil BERIT OPHEIM bidra med islandske stev.

Lesehug og Voss bibliotek vil gjerne markera at Johannes Gjerdåker nyleg har gitt ut boka «Glimesteinar frå islandsk visetradisjon.» I denne boka har han attdikta eit utval viser frå den islandske viseforma ferskeytla

Den islandske viseforma ferskeytla har vore dyrka på Island frå 1300-talet til i dag. Forma er så velkjend at dei aller fleste islendingar kan ei rekkje slike viser utanboks, og mange kan òg forma nye. For første gong blir no ei bok med denne islandske viseforma utgitt på norsk, og blant skaldane som er med i utgivinga, er nokre klassikarar, og her er òg med mange som ikkje er nemnde i litteraturhistoriske verk eller oppslagsbøker. Visene tar for seg tema som kjærleik, håp, svik, visdom, alderdom og årstider.

_
_
_