Fossegrimen konsert

Konsert med symfonisk orkestermusikk

og Inger-Kristine Riber som solist

 

Søndag 26. mars kl. 19.00 i Voss kulturhus

Orkesteret Fossegrimen er midt inne i ein ny aktiv sesong, og på neste konserten vår søndag 26. mars vil vi framføra symfonisk musikk komponert i ti-åra før og etter overgangen til det 20. Hundreåret. Vi har gjort eit utval som vi trur vil vera interessant og givande for mange – med både mektige og store orkestersatsar og med meir stille og inderlege stemningar.

Som solist har vi denne gongen med oss pianisten Inger-Kristine Riber frå Voss. Sist ho spelte med Fossegrimen var i 2012 då vi framførte Beethovens 3. klaverkonsert. Alt som 7-åring byrja Inger-Kristine med pianoundervisning ved Voss kommunale musikkskule, og seinare var ho elev ved Musikklinja på Voss Gymnas. Etter å ha fullført sin bachelor-grad i musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo i 2004, vart det klaverstudiar ved Norges Musikkhøgskule med Einar Henning Smebye som lærar, og mastergraden i solo-utøving tok ho i 2012. I mellomtida studerte ho òg ved Hochschule für Musik, Theater und Medien i Hannover. Ho har vorte tildelt ei lang rekkje stipend, prisar og utmerkingar, m. a. av Norges Forskningsråd, Norges Kulturråd og av det tyske oljeselskapet RWE-DEAD. Inger-Kristine sitt repertoar er vidtfemnande - frå barokk til moderne eksperimentell musikk - og ho har brei konsertrøynsle frå m.a. Storbritannia, Tyskland, Sveits, Italia Finland USA og Sør-Korea og Skandinavia. I tillegg til solistkarriéren som klassisk pianist og kammermusikar, har Inger-Kristine også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å finne nye arenaer for klassisk musikk og å skape rammer for kunstmusikk som femner om eit breidt publikum. Ho har leia fleire ulike og nyskapande prosjekt både her heime og ute. I fjor debuterte ho òg som komponist med musikk til tekstar av Haldis Riber - ”Du Bekk Som Sildra” - for to kor og kammerorkester. Ho underviser for tida på Voss gymnas og Norges Musikhøgskole og har hatt workshops og masterclasses. Vi ser fram til eit nytt samarbeid med Inger-Kristine !

 

Komponisten Geirr Tveitt (1908-1981) var elev på Voss off. Landsgymnas og tok examen artium her våren 1928. Seinare same året reiste han til Leipzig for å studere musikk. Noko av det han tok med seg til Tyskland var notane til ein pianokonsert i tre satsar, som så vart revidert og framført første gongen med orkester i 1931. Med andre ord eit ungdomsverk. Men mange år seinare (i 1947) vart instrumenteringa totalt omarbeidd og truleg vesentleg forbetra av den nå røynde komponisten, og det er denne siste versjonen vi framfører med Inger-Kristine Riber som solist. Dette er samstundes ei helsing til 100-års jubilanten Voss Gymnas: vi framfører eit verk komponert av ein av skulen sine mest kjende elevar gjennom tidene, eit verk som han truleg byrja å arbeida med alt medan han var elev ved skulen.

 

Først på programmet denne kvelden står ein sats frå Edvard Grieg sin musikk til ”Peer Gynt” – Stormfull aften ved kysten – her i Halldor Krogh sitt arrangement til stumfilmen ”Brudeferden i Hardanger”. Etter klaverkonserten framfører vi det symfoniske diktet Natt på Bloksberg av Modest Mussorgskij i Nikolaj Rimskij-Korsakov sitt arrangement, og av same komponisten tre satsar frå Bilete frå ei utstilling – Det gamle slottet, Huset på fuglebein og Den store porten i Kiev – i Maurice Ravel si versjon. Innimellom er Øystein Haga fløytesolist i den vakre menuetten frå Georges Bizet sin andre l’Arlesienne-suite.

 

Som vanleg er det Fossegrimen sin faste dirigent og kunstnarlege leiar Dagfinn Rohde som dirigerer orkesteret.

Vi ynskjer vel møtt til konsert søndag 26. mars kl. 19.00 i Voss kulturhus med flott og mektig symfonisk musikk, og med eit verk for klaver og orkester med opphav frå Voss med Inger Kristine Riber som solist. Konserten blir gitt med stønad frå Voss kommune og Hordaland fylkeskommune. Voss Sparebank er hovudsponsor for Orkesteret Fossegrimen.

_
_
_