Farfars bombekrater, barneteater

Adele Lærum Duus kjem til Voss med den flotte framsyninga Farfars bombekrater. Framsyninga er bygd på verkeleg hendingar på Voss under krigen.
Passar for born frå 7- 8 år og vaksne

Adele Lærum Duus er ein framifrå formidlar og skodespelar. Ho har besøkt oss fleire gonger før. Denne gongen blir det ei open framsyning på ettermiddagstid.. Her kan både foreldre og besteforeldre koma saman med borna. Framsyninga er dramatisk og passar ikkje for born under sju år.

Adele fortel om korleis det var å leva under andre verdskrig og om bomba som landa i huset til farfar hennar. Huset står enno på Vangen.

_
_
_