Eva Weel Skram ( UTSELD)

 

Eva Weel Skram, som for mange er kjend frå bandet Eva & The Heartmaker, har hatt to fantastiske år bak seg etter at ho deltok på Hver Gang Vi Møtes. Der sang ho seg inn i mangt eit hjarte mellom anna med sin nydelege versjon av Henning Kvitnes’ Evig Eies (kun et dårlig rykte).
Sidan den gong har ho saman med sin ektemann og gitarist, Thomas Stenersen, allereie klart å turnere Noreg rundt for fulle hus fleire gonger. På samvite har ho blant anna to utselde hus i Operaen i Oslo og ein drøss med festival-opptredener, for å nevna noko.
Fjoråret blei toppa med tittellåten «Selmas Sang» til NRKs nye juleklassikar «Snøfall», som vart meget populær!.
I tillegg blei ho i 2016 mor for fyrste gong, og medan livet som turnerande småbarnsforelder er ei utfordring, finn Eva styrke i dei fantastiske tilbakemeldingane ho får frå publikum kvar enn hun speler konsertar.
Med seg på turné i høst har ho heilt nye låtar frå sitt fyrste norskspråklege album som er under innspilling no, i tillegg til utvalde låtar frå Hver Gang Vi Møtes, gamle hits ikledd nye drakter og ei og anna overrasking.
Eva er ikkje framand for å by på seg sjølv frå scena, så om du har lyst å bli bedre kjent med både Eva og hennar nydelege stemme er det bare å gle seg til konsert!

 

Billettar til Eva Weel Skram ( UTSELD)

  1. I morgon kl 18:00 425 kr   Kultursal Les meir Utseld
Vis hele programmet
_
_
_