Den siste resept frå Per Fugelli

Presentert av Aksel Fugelli. 

 

«Dette er min siste resept. Ordet resept kjem frå latin recipio, og betyr «eg tar imot». Eg håper de vil ta imot Den siste resept og bruka den til å forbedre livet og landet.»

 

På vei mot døden har Per Fugelli skrive den svært personlege boka "Per dør", som handler om å møta døden med åpne auge. Samtidig handlar boka meir om å leva enn å dø. Eit av Pers siste ynskje var at sonen Aksel skulle bringa hans bok, ord, bodskap og håp rundt i landet. 

Aksel har skrive 8 bøker, mellom anna biografien "Per - glimt av min far". I den anledning reiste Per og Aksel på turne med ei humoristisk framsyning om Pers liv. Far og son har på nytt jobba tett saman om boka "Per dør" – men denne gongen reiser Aksel aleine. Per er til stades i anda, gjennom eit utval av tekstar frå den nye boka, og gjennom sterke og nære filmklipp frå Erik Poppes kinofilm om Pers siste år.

 

Dette blir ei personleg, morosam og alvorleg framsyning med anekdoter fra Pers liv, høgtlesing, film og boksignering. 

 

Billettar til Den siste resept frå Per Fugelli

  1. I morgon kl 14:00 200 kr   Kultursal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_