Vedtekter

Kulturskulen har serviceerklæring.

Serviceerklæring for Voss Kulturskule

 

Serviceerklæring .

Ei serviceærklæring skal forklare innhaldet og omfanget av ei teneste.

Den skal og seie noko om kva mottakar kan forvente av tenesta og kva verksemda forventar av  mottakar.

 

Føremål.

Kulturskulen skal ha som mål å tilby opplæring i kulturfag til born og unge i Voss.

Dersom det er behov for det og ressursane gjev rom for det, kan kulturskulen ta opp elevar som er eldre enn den primære målgruppa.

Kulturskulen skal gje tilbod som er nyskapande og i takt med samtida, samstundes som ein tek vare på dei lokale tradisjonane. Kulturskulen skal vere ein naturleg sosial ,og kulturfagleg møteplass.

 

Lovgrunnlag.

Kulturskulen er heimla i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova):

  • 13.6 «Alle kommunar skal åleine eller i samarbeidmed andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknytning til skoleverket og kulturlivet elles».

 

Målgruppe.  Kven kan få tenesta?

Målgruppa er primært born og unge under 19 år i Voss kommune. Dersom det er behov for det og ressursane gjev rom for det, kan kulturskulen ta opp elevar som er eldre enn den primære målgruppa.

 

Innhald i tenesta.

Voss kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater og visuell kunst med tilhøyrande framsyningsverksemd.

Noko av opplæringa vert gjeven som kortare kurs, «workshops» og prosjektbaserte produksjonar.

 

Undervisningsstad

Brorparten av undervisninga er lagt til Voss kulturhus.

Undervisninga innan korps i skulen er sentralisert til den aktuelle skulen.

 

Kvalitetsmål.

Voss kulturskule skal gje eit opplæringstilbod prega av kvalitet og variasjon tilpassa den einskilde eleven.

 

Dette kan du forvente av Voss kulturskule.

Opplæringstilbodet skal vere prega av kvalitet og variasjon tilpassa den einskilde eleven.

Lærarane skal ha god kommunikasjon med heimane, og gir elevane opplæring av høg fagleg kvalitet.

God informasjonsflyt skal sikre alle elevane tilpassa opplæring  og gode opplevingar.

Alle elevane skal få tilbod om å ta del i konsertar/framsyningar kvart skuleår. Dette er ein del av kulturskuleundervisninga.

 

 

 

Dette forventar Voss kulturskule av deg.

Kulturskulen er først og fremst ein læringsarena som krev at elevane kjem godt førebudd til undervisninga, uansett disiplin.

Regelmessig og riktig førebuing og  øving over tid gjev resultat, og er ein føresetnad for at elevene finn den gode meistringskjensla. Dette gjeld uansett kva disiplin ein er elev på.

Me forventar at føresette les informasjon frå skulen og legg til rette for dagleg førebuing og øving.

 

 

Pris.

Prisane vert vedtekne politisk kvart år.

Voss kulturskule har ikkje plass- eller søskenmoderasjon.

 

Søknadsfrist.

Voss kulturskule har søknadsfrist 25 mai kvart år.

 

Opningstid og skulerute.

Kulturskulen følgjer skuleruta til grunnskulen, og det aller meste av udervisninga er lagt til ettermiddagstid.

 

Praktiske opplysningar.

Brorparten av  undervisninga til kulturskulen finn stad i Voss kulturhus  som har adresse Evangervegen 6 og ligg like over vegen for togstasjonen i Voss sentrum.

I kulturhuset har personalet undervisningsrom, og rektor har arbeidsstad i kontorlandskap saman med dei andre leiarane på huset.

 

Rektor kan treffast på telefon  40416204

 

Vitjingsadresse:  Voss kulturhus, Evangervegen 6, 5704 Voss

Postadresse     :  Voss kulturskule, postboks 145, 5701 Voss

 

 

_
_
_