Skulen sitt tilbod

Akkordeon | Biletkunst | Cello | Dans | Drama/teater | Fiolin | Gitar | Hardingfele | Jazz individuelt | Klarinett | Kontrabass | Kor | Kveding | Musikalsk forming | Musikkleik | Musikktilbod for barn/unge med særskilde behov | Piano | Saksofon | Song Tverrfløyte


Akkordeon
Akkordeon er eit knappetrekkspel med melodibass. Ein får hovudsakleg enkeltundervisning på instrumentet. Akkordeon høver for alle som ynskjer å spela eit instrument, og det er både gehør-og notebasert undervisning. Kulturskulen leiger ut instrument i ulike storleikar. Eleven får opptre på ulike konsertar gjennom året, i hovudsak i kulturskulen sin regi med huskonsertar, semesterkonsertar og konsertar ute på institusjonar.


Biletkunst
Gruppeundervisning. To grupper.

Ein vanleg undervisnings”time” varar i 1,5 klokketime, ein gong for veka
Dette gjer me: Oppstart med kroki-teikning, 20-30 min Kroki-teikning (croquis) er å lage raske skisser etter modell. deretter jobbar me ut frå ei oppgåve, og brukar som regel resten av tida på den. Oppgåva er variert og etter ein oppsett plan.
• Tilbod om undervisning i biletkunst starta opp hausten 2001. Biletkunst høyrer inn under visuelle kunstfag, og før tilbodet kom inn i kulturskulen, var det ein Barnekunst-skule på Voss, med lokale kunstnarar (Åsne Slaattelid og Sunniva Skintveit) som drivande krefter. 
• Sidan den gong har det vore tilbod om to grupper innan biletkunst, for elevar over og under 10/11 år. Gruppestorleik: 8-10 elevar.
• Biletkunst handlar om å sjå, å skape, å teikne, å måle. Tilbodet skal gå djupare og gje fleire innfallsvinklar til den skapande prosessen med tanke på teknikk, reiskap og materialar enn undervisninga i skulen.
• På biletkunst går me ut frå ein fast plan, og planen legg opp til eit allsidig tilbod. Oppgåvene er lagt opp slik at ein kan gjennomføra dei på mange nivå. Det er også rom for avvik, dvs at me kan jobbe med spørsmål som opptek elevane der og då, eller som dukkar opp...I løpet av året deltek me i fellesprosjekt som til dømes Mozart i kinovestibylen, der elevane lagde teikningar som ”bakgrunn” for ein musikalsk hyllest til Mozart. Eventyrforteljing som Gullfuglen, i Osasalen (kulissar og plakat) og deltaking i 400meterkunst, for å nevna noko.
• Som lærar har eg brukt læreboka ”Barn lærer å tegne” med 12 emnehefter som ressurs ift oppgåver, men likevel utforma ”eigne” oppgåver.
• Me held til i Voss kulturhus i eit godt eigna rom i underetg.

Helsing lærar i biletkunst Ingeborg Loven Norekval

--------------------------------------------------------------------------------

Frå Rammeplan for kulturskulen: Gjennom arbeidet med visuelle kunstfag som uttrykksform skal elevane:

· Oppleve glede i skapande arbeid med konkrete materialar og visuell form

· Utvikle sin visuelle uttrykksevne, fantasi og formsans

· Få erfaringer med billedkunst- ulike verkemiddel og uttrykksformer

· Arbeide med å gje form til eigne ideer, opplevingar og kjensler i sjølvstendige uttrykk

• Utvikle evnen til vurdering av eigne og andres produkt, og evnen til refleksjon omkring den kreative prosessen

_
_
_