Opptaksreglar

Hovudopptak av elevar for komande skuleår skjer i juni med søknadsfrist 25 mai. Kulturskulen tek likevel imot søknader heile året for mogeleg ledige plassar.

Det er bindande påmelding for eit halvt år om gongen etter oppstart av undervisning, og difor høve til å melda eleven ut ved slutten av haustsemesteret med frist 1. desember.

Ved utmelding midt i semesteret må det betalast elevpengar for heile semesteret, dersom det ikkje er søkjarar på venteliste i gjeldande disiplin.

Frist for oppseiing av plass for komande skuleår er 1. juni. Oppseiing skal skje skriftleg/på mail. 

_
_
_