Voss Kulturskule

Velkomen til Voss Kulturskule
Kulturskulen har ledige plassar på : Hardingfele, Kveding og Drama.

Vi tilbyr undervisning i:

  • ca. 20 song-og instrumentaldisiplinar
  • biletkunst
  • dans. (Prosjektbasert)
  • drama/teater
  • musikktilbod for barn/unge med særskilde behov.

Elevtal 2014/15: 300.

Mykje av undervisninga og administrasjonen held til i Voss kulturhus.

Skulen sel også dirigent-og instruktørtenester til kor/korps/orkester.

Voss kommune har distriktsmusikarordning som er knytta til kulturskulen. Samarbeidspartar er mellom anna Orkesteret Fossegrimen, Hordaland fylkeskommune og Den kulturelle skulesekken.

Søknad om elevplass:https://NOVOSS.speedadmin.dk/tilmelding

Kontaktinformasjon: 
Voss kulturskule 
Postboks 145 
5701 Voss 
Besøksadresse: Evangerv. 6 
Telefon: 56519670. Mobil: 40416204
E-post: oddvar.nostdal@voss.kommune.no

Rektor : Oddvar Nøstdal

Info pr. april-15
SKULEÅRET 2015/2016
Frist for oppseiing av elevplass/nye søknader/event. endringar for skuleåret 2015/16 er 1. juni.

Elevar som ynskjer å sei opp plassen sin må gjera dette skriftleg.(Elevbetaling for neste semester vert berekna dersom fristen ikkje vert halden.)
Event. utlånsinstrument må leverast attende til kulturskulen på siste speletime.

Undervisninga fylgjer skuleruta for grunnskulen, og lærarane kontaktar elevane i veke 32/33 for timeavtale.

Musikkleik og musikalsk forming:
Begge er i utgangspunktet eit 1-årig tilbod. Elevar inneverande sk.år som ynskjer undervisning i eit instrument/annan disiplin neste år, må senda nytt søknadsskjema. Dette gjeld også elevar i musikkleik som ynskjer å gå vidare med musikalsk forming neste år.

Kulturskulen har lang venteliste for nokre instrument/disiplinar. Til vanleg vert søkjarar som har stått lengst på venteliste tekne opp først. Ta gjerne kontakt for nærare informasjon.

_
_
_